måndag 2. juli 2007

Skriveleir for synshemma ungdom mellom 16-25 år- 2007.

Skriveleir for synshemma ungdom mellom 16-25 år.

Frå 25.juni til 1.juli.

Mirnesa Balagic.

Nå er det 2.juli. Eg er komen heim frå noko som eg vil betegne som ei av
mine beste veker! Eg er så lykkeleg over å ha fått vere med på å oppleve
dette at eg aner ikkje kva eg skal seie. Heile innsida av meg er full av
boblande lykke og vemodig savn etter alle dei andre som var med på
skriveleir. No, dei siste seks dagane, har skriveleir to for synshemma
ungdom, gått av staben. Og eg var av dei 16 ungdommane som var så heldige og
fekk oppleve dette. Eg vil gjerne fortelje litt om det som skjedde denne
veka, så derfor tek eg dag for dag om det som skjedde.

Måndag

I dag var den store ankomstdagen. Eg reiste frå heime klokka 05.45.
Dessverre var eg så spent at eg ikkje hadde fått sove den natta og hadde
berre fåt cirka ein time og eitt kvarter å sove på. Så det var heldigvis
ikkje så utruleg vanskeleg å få sove på bussen. Det var ein velsignelse vil
eg i allefall seie. JEg sov litt i rykk og napp og den siste gongen eg vakna
vvar klokka 11.40 og det var berre ein halv time att av den lange reise frå
Skjåk. Eg følte ei spesiell glede sitre gjennom meg då eg gjekk av bussen og
vart møtt av to ledsagarar +min kjære venninne, Isabel! Eg kasta meg over
henne og vi klemte kvarandre nesten i småbitar. Men endeleg kom vi da oss
inn i bilen og byrja å prate litt om ting som hadde skjedd og fekk samtalen
i gang på null komma niks. Vi var framme på Rønningen folkehøgskule slik
cirka i kvart på ett-tida. Da var det ikkje komme så altfor mange
deltagarar. Vi byrja med å bli kjend med dei som hadde meldt sin ankomst og
fann fort tonen. Vi åt litt brdøskiver og fortsette å prate mens nye
deltagarar kom til. Etterkvart som vi kom gjekk vi inn i Åsmund-stua der "Vår
kjære tekniske gud satt". Det var slik Simon Stranger, ein av forfattarane,
beskreiv datageniet ein dag han ikkje var der med ein gong og vi trengte
han. Eli kom også og eg følte ein spesiell glede ved å sjå ho att. Det var
jammen lenge sida sist kom eg på!J Klokka 17.00 var det middag og alle var
glade for det. Vi åt og prata, og etterkvart gjekk vi inn på romma våre for
å finne oss til rette. Då brukte vi tida til å bli kjend med forfattarane,
Simon Stranger og Mikkel Bugge, som skulle vise seg ov vere to suuuperkule
og heilt råe forfattarar.;) Men utover kvelden fekk eg skifta rom. Eg skulle
eigentleg ddele rom med Stina (ein av mine kjæraste og beste venner!<33),
men eg har delt rom med henne ein del gonger og ville så gjerne dele rom med
ein av mine andre beste venner, Marte!(L) Heldigvis sa Eli at det lot seg
ordne, og eg og Marte flaug nesten i taket då vi fekk hø7yre nyheten.;)
Klokka halv ti åt vi pizza. Den var ein og ein halv time forsinka, men vi
vart endeleg tilfreds då den kom. Etterkvart etter kveldsmaten, byrja vi å
gå inn på romma våre for å finne sengene. Dessverre, i mitt tilfelle, vart
det ikkje så mykje søvn. Eg og Marte satt oppe omtrent halve natta og prata
og utveksla nyheter. Vi tok også opp ein del ting den kvelden. Vi var to
opptaksmennsker.:p Vi la oss kanskje rundt 03.00. Jeeeeeesp!

Tysdag

Vi sto opp i åtte-tida. Eg skal ikkje nekte for at eg var så trøytt at eg
følte at eg helst ville bli i senga. Men då eg endeleg hadde kome meg ut av
senga, følte eg tvert imot at eg ville stå opp. J Eg har opplevd slikt før
også. Når eg er på ting eg syns er morosamme og fine blir eg trøytt når eg
vaknar og kreftane kjem fram når eg står opp. Vi åt frukost og fekk av oss
morgontrøttleiken. Etterpå gjekk vi inn på eit rom vi kom til å bruke ein
del, og hadde improvisasjonssang. Det går ut på eit vi står i ein ring på
golvet og let att auga (i dei færraste sitt tilfelle denne gongenJ). Vel,
poenget her var i allefall at vi ikkje skulle sjå noko. Også skulle vi vente
til nokon starta med å lage ein lyd og deretter skulle vi følge etter og
lage så mange lydar at det var som ein "konsert" utan instrumenter. Etter at
vi var ferdige med det, gjekk vi inn i rommet der vi skulle skrive og sjekka
at alt det tekniske utstyret var i orden. Eg var glad for at pc-en min
oppfrte seg skikkeleg og at alt var i orden. Men det var nok dessverre ein
del som sleit og måtte få orden på saker og ting før vi kunne byrje. Da
byrja vi å snakke om korleis ein skulle skrive ting å sette dei opp,
skjønnlitteratur. Vi fekk ein del oppgåver utan at eg hadde tenkt å gå inn
på det. Visst eg skulle fortelje om absolutt alt vi gjorde ville det ta meg
eitt år å skrive ned altJ. Nei, kjære lesar! Du får nøye deg med
korversjonen av det som skjedde! Vi åt lunsj i tol-tida og etter det gjekk
vi attende på skriverommet og fortsatte å skrive. På kvelden reiste vi til
Hønselovisas hus og lærte om 70-talskultur. Det var antageleg spennande. Når
eg seier antageleg skal eg innrømme ærleg at eg faktisk sovna under
foredraget. Eg satt med hovudet ned og følte at eg hadde mest lyst til å
sove heile dagen. Men eg vakna att da foredraget var søløutt. Uansett, eg
tok opp heile foredraget så eg skal gå attende å høyre på det, så eg vil
ikkje påstå at eg har gått glipp av noko særleg når det kjem til saken. Vi
fekk vaflar der også. Dei smakte fortreffeleg og eg benytta anledningen til
å bli litt meir kjend med Simon. Ja, der høyrer du kjære lesar, vi er på
fornavn alt. J Eg satt også saman med Stina berre for å nevne det også. Vi
brukte tida til å knuffe litt:D og gjennoppleve gamle minnar som forresten
ikkje er så gamle likevel. Vi prata mest om da eg besøkte henne for berre
ein månad sidan, eller noko slikt. Da vi kom attende til Rønningen gjekk eg
inn på rommet ei stund, også gjekk eg ut for å sette meg i stua å sjekke om
det var nokon der. Der satt visst Kari Janne, Aina og Christina. Kari Janne
lærte meg tegn-språkalfabetet. Men eg skal tilstå at det var litt vanskeleg.
Eg hugsar ein god del, men har dessverre glemt ein god del også. Etter det
gjekk eg inn på rommet til Marte som sat å venta for å få seg ein god
nattprat. Dessverre er feilen med meg at sjølv om eg er trøytt omd agen
vaknar eg skikkeleg om kvelden og vi satt nok oppe til omtrent 02.30 eller
der omkring, enda eg hadde lova meg sjølv å leggje meg tidlegare denne
kvelden. Natta folkens;)

Onsdag

I dag sto eg opp litt seinare en tysdagen men det gjekk da bra det også.
Etter frukosten hadde vi improvisasjonssang slik vi har hatt ein gong. Denne
vart betre enn dagen i forvegen. Vi blir betre og betre må eg sei! Etter
improvisasjonssangen gjekk vi inn på skriverommet for å ta imot nye
utfordringar å banke litt meir lærdom inn i hovudet vårtJ. Simon og Mikkel
er verkeleg utruuuuleg flinke til å lære bort gje oss nye utfordringar. Eg
er så glad for at eg hadde meldt meg på skriveleiren og angrar ikkje i det
heiletatt. Som eg har nevnt tidlegare, kunne eg sikkert gå litt nærare inn
på det som skjedde, men da hadde eg fått så vondt i fingrane av å skrive at
eg sikekrt må amputere deiJ. Men vi hadde uansett ein fantastisk fin dag og
mange nye happeningar og slikt;). Beklager, kjære lesar, for at eg er så
elendig til å forklare saker og ting. Dykk får berre bære over med det, i
allefall dersom dykk har tenkt å lese dette. Denne dagen forløp omtrent som
den foregåenda, men så klart med nya lærdommar og utfordringa, og enda
fleire nye og fantastiske tekster! Den kvelden var det også fin sosial tone
mellom alle. Vi hadde det kosleg og ingne kan ha det betre enn oss når vi
har det slik. (L) Eg behøver sikkert ikkje nevne det, men eg og Marte var
ikkje akkuratt tidleg til sengs denne natta heller. Det var vel leggetid på
oss slik i 02.00-tida. Suuuuukk!

Torsdag

I dag reiste vi til botanisk hage. I går skulle vi eigentleg reise til
Hovedøya, men været var litt elendig og det har vore skiftande dei siste
dagane. Men vi fekk i allefall ein koseleg tur til botanisk hage. Der var
det store mengder med blomar i (etter min oppfatning) murkasser. På kanten
av muren var det skilta både i svartskrit og i punktskrift (braille). Det
gjorde meg glad at det var mogleg for meg å kunne lese navna på blomstene
sjølv utan å be om hjelp. Da vi kom attende sat vi å skreiv to timar. Vi
skulle skrive litt om oppelvelsene våre i botanisk hage. Det skal eg
innrømme at eg nesten ikkje klarte. Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å
skrive meir den dagen, for det vart litt for mykje med både dårleg søvn og
botanisk hage +(unnskyld uttryket) den helvetes isen eg hadde kjøpt og som
smelta på buka mi. Eg vil påstå at den isen fekk begeret til å flyte over.
Eg gav nesten opp med å late som eg var vaken, slengte meg ned å deppa litt
J. Men takk og lov for at eg hadde ein slik fantastisk romkamerat som
Marte<33. Ellers er det ikkje sikkert eg ville forsøkt å få attende humøret
å fortsette dagen, men som sagt, Marte fekk meg til å innsjå at ein må halde
motet oppe litt. Etter at skrivinga var ove klokka 16.00 hadde vi sosialt
samvær resten av dagen +middag og kveldsmat. Middagen var kl 17.00 og mellom
slutten på dagen og middag satt eg og Marte på rommet vårt å prata og kosa
oss. Vi høyrde ein del på musikk og diskuterte musikk. Etter middagen satt
vi inne på rommet enda ei stund. Eg er fullt klar over at eg kanskje r litt
usosial, men eg vart utslitt og var berre nødt til å liggje i senga mi å
slappe av. Eg var utruleg glad for at det ikkje var noko program på kvelden,
at vi kunne bestemme litt sjølv:p. Men det har vi for så vidt fått lov til
før også:p. Denne kvelden var vi også oppe lenge. Det var stille på romma i
tolv-tida, men som kjend er eg og min kjære romkamerat glad i å prate og
diskutere, så vi var oppe til 02.00. Eg har visstnok ikkje lært noko av dei
trøtte dagane eg har hatt.

Fredag

Vi satarta med det vanlege. Etter improvisasjon var vi inne på skriverommet
og fortsette med nye oppgåver og utfordringar. Vi kosa oss og hadde det
triveleg med å skrive å lese tekster. Etter lunsj kom ein lyrikar, Geir
Gullikse, og fortalde om diktinga si. Det var nok sannsynlegvis eit
interessant foredrag. Når eg seier sannsynlegvis må eg enda ein gong
innrømme at eg sovna da vi sat inne å høyrde på. Eg som frå eitt til halv
to. Og Gulliksen var saman med oss i ein time. Men som sost gong da eg sovna
sto min kjære milestone, (digital opptaker), på og tok opp alt hjerna mi
ikkje klarte å mobiliisere krefter for å fange opp. Eg har dessverre ikkje
fått tid til å høyre gjennom det, men det har eg mykje tid til å få orden
på:p. Etter at Gulliksen vr gått, jobba vi med å få orden på nokre tekstar
for å kunne finne ut kva for ei tekst vi skulle ha med på cd-en som skulla
lesast inn den foreståande kvelden. Eg brukte ei tekst som var bassert på ei
sann historie, men forandra navnene og nokre trekk ved historia. Eg dikta
litt og fekk den til å sjå passe "kamuflert" ut. Den ettermiddagen satt eg
ein god del inne på datarommet og chatta og ordna på teksta mi. Etter det
satt eg inne på rommet vårt og prata med Marte. Den natta gjekk eg inn til
Aina og Christina for å få meg ein prat. Eg hadde vore der tidlegare på
dagen før men ikkje om natta. Eg satt der i kanskje ein halv time og vi
prata og kosa oss. Da eg kom atende på rommet mitt, hadde Marte sovna og eg
gjekk berre å la meg. Klokka var 02.17.

Laurdag

Vi trengte ikkje stå oppå så tidleg i dag. For min del var det nok å stå opp
klokka 09.00. Da gjekk eg for å ete frukost å rakk det innan klokka var
10.00. Da kom noko vi hadde gledd oss på leeeeeeenge. Torstein Bugge
Høverstad, (oversetteren av Harry Potter-bøkene på norsk), til rønningen.
Han fortalte om Harry Potter og om korleis han kom i gang med det. Også
prata han generelt om korleis det var å oversette. Men det vart nok mest
Harry Potter-prat. Og eg treng vel ikkje nevne, kjære lesar, at eg ikkje
sovna denne gongen neiJ. Denne gongen satt eg oppreist og lytta til alt
Høverstad hadde å fortelje, og også denne gongen tok eg opp alt så eg har
det til gode å høyre om att. Eg var trøytt, men aldri i livet om eg hadde
tenkt å sove meg gjennom dette! Vi stilte spørsmål og fekk svar på ein god
del ting vi har lurt på lenge. Etter at Høverstad reiste, åt vi lunsj. Etter
det var det ein del som reiste på shopping og andre var att på Rønningen og
laga mat. Eg var blant dei som reiste på shopping. Eg var utruuuleg trøtt å
ville helst sove. For min del vart det for det meste til å forsøke å sjå
litt på saker og ting. Eg kalrte ikkje mobilisere krefter for å finne ut om
det var noko eg likte. Da vi kom attende åt vi middag. Eg og Marte gjekk opp
på rommet og la oss litt til å sove. Eg fekk ikkje sove noko særleg. Eg
grudde meg til neste dags avreise, men gleda meg til festen. Eli hadde spurt
meg om eg hadde lyst til å skrive ein artikkel om skriveleiren som skal bli
trykt til hausten. Eg sa ja. Den satt eg også å starta på mens eg venta på
at festen skulle starte. Eg skulle tilfeldigvis synge saman med Marte under
underholdningen. Eg hadde sang-angst vil eg påstå. Etter min eigen meining
har eg grufull sangstemme! Men Marte fekk overtalt meg til å vere med å
synge, og eg fekk ein del skryt etterpå sjølv om eg ikkje syns det er
fortjent. Seinare på kvelden gjekk eg rundt å intervjua deltagarane litt om
skriveleiren slik at eg får noko å skrive etter når eg skal skrive om
skriveleiren. Festen var fantastisk. Talene var superfine og mange var
rørande;). Vi dansa ein del etterpå. Eg var med å dansa men gjekk inn på
rommet utove kvelden, kajskje i eitt-tida. Men før det satt eg saman med
Marius og diskuterte bøker. Vi hadde nokre koslege minutt!J Eg fekk ikkje
lagt meg før 04-40 den kvelden, og da var eg utslitt og klarte nesten ikkje
å røre meg. Jeeeeeeeeeeeeeesp!!!!

Søndag

Eg følte meg som ein edderkopp som nett hadde sett seg fast i eitt
edderkoppspinn da eg sto opp 07.30 neste morgon. Eg følte meg heilt umatta
og gledde meg ikkje til heimreisa. Men den gjekk glattare enn eg hadde
førestilt meg. Eg sov ein god del akkurat som på innoverturen og kom heim
16.30.

Nå sit eg altså her med ei god blanding følelser. Eg kan dessverre ikkje
beskrive kva eg føler, for det er for vanskeleg. Det einaste eg vil si er: "Takk,
kjære Eli Frisvold, for at du klarte å få i stand ein slik minneverdig leir";)
Eg vil også takke forfattarane som klarte å få i stann eit slikt fint
opplegg for oss. Også Åsmund da sjølvsagt fordi han var så flink til å
hjelpe til med pc-problem. Og til slutt, alle ledsagarane som var så koslege
og ha med på turen!;)

Mvh Mirnesa Balagic!

PS! Dersom nokon har spørsmål er det berre å sende meg ein mail på:

mirnesa@fjellnett.no

Ingen kommentarer: